i Valldal

Halva Priset

Halva Priset, med vokalist og låtskrivar Petter Bjørklund Kristiansen «Katastrofe» i spissen, er eit band med kjærleik for bygd, rølp og festmusikk!


Bli med på fredagsfest i Valldal med Halva Priset og kos deg med monsterhits som "Den fineste Chevy'n", "Konge på bøgda" og "Den samme jævla sangen» og mange andre feelgood-låtar. Her kan du forvente deg ein konsert full av moro og gode vibbar. Ifølge bandet  så trivast dei best så langt nord for Sinsen det går an å komme, så vi tenker at denne gjengen blir ein perfekt match for ein skikkelig bygdefest i jordbærbygda Valldal!

Om du vil oppleve eit av Norges beste partyband og ein konsert med musikk som garantert vil få deg i godt humør, ta turen til Sommarfesten i Valldal fredag 21. juni!